Hopp til innhold

Ørnekjendisar på Smøla

Medan England har fått ei ny prinsesse, har Smøla fått sin første ørnekjendis-fødsel. Den vesle ørnefamilien vert følgd direkte på internett frå heile verda.

Ørnekjendis på Smøla

På Smøla er det ein baron og ei barnonesse som har fått ungar. Lokalavisa Tidens Krav og Smøla Naturopplevelser har montert kamera ved det eitt tonn tunge reiret og fleire tusen har vore innom og sett på direktesendinga.

– Det er heilt sprøtt, og det eksploderte heilt i helga, ler redaktør for levande bilete i Tidens Krav, Svein Junge.

Populære ørneungar

I helga skjedde det nemleg eit lite mirakel i ørnereiret. Då to små ørneungar kom til tok interessa for å følgje med på ørnene heilt av.

Svein Junge og Audun Lie Dahl

Svein Junge og Audun Lie Dahl har hatt stor suksess med si satsing på direktesending på ørnereiret på Smøla.

Foto: Roar Halten / NRK

Ørn på Smøla

Folk frå heile verda følgjer med på dei majestetiske havørnene på Smøla.

Foto: Audun Lie Dahl
– Det er veldig artig at det er så mange som engasjerer seg i det, seier Junge.

Blant anna kom eit par frå Danmark opp for å treffe ørneparet i levande live, fortel ørneguide Audun Lie Dahl i Smøla Naturopplevelsar.

– Då ørna kom bort til båten for å få seg fisk, var det som om tårene trilla på mannen. For enkelte er dette ei veldig stor oppleving.

Sjå havørnene direkte på TK sine nettsider

Travel tid for ørneguiden

I to og ein halv månad til kan du følgje ørneungane på nett, og på den tida kan dei verte like store som foreldra sine.

– Det er tydeleg at veldig mange er interesserte i ørn, seier Lie Dahl.

Sidan kameraet vart montert ved reiret, har det gått i eitt for Junge. Så travelt har han hatt det at han ikkje fekk sjå ørneungane kome til verda sjølv.

– Det har vore e-postar, SMSar og spørsmål frå media heile tida, seier han.