Vil tvinge politikarar til å skru på webkamera

Politikar Randi Walderhaug Frisvoll fryktar at mange blir freista til snømåking og middagslaging når dei deltek på lange elektroniske møte. No ber ho juristar tvinge alle til å skru på webkamera.

Skjermdump frå politisk møte

Denne skjermdumpen viser deltakarane på eit tilfeldig valt politisk møte i Ålesund nyleg. Det er ikkje mange ansikt å sjå.

Foto: Skjermdump

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Kommunestyrepolitikar Randi Walderhaug Frisvoll i Ålesund er ikkje den einaste som er lei av elektroniske møte. Men kommunestyrepolitikaren går no til det uvanlege steget å alliere seg med juristane i kommunen for å krevje at alle skrur på webkamera.

Ho fryktar at fleire brukar møtetida til huslege syslar, og at høve til å skru av kamera på pc-en gjer at det er svært vanskeleg å oppdage.

Kvinneportrett

Randi Walderhaug Frisvoll (KrF) vil sjå alle som er på politiske møte for å sjå at dei faktisk deltek.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Når du har møte som varer i mange timar, og der er fleire som aldri tek ordet, så har du ikkje peiling om dei er med i møtet eller ikkje. Du ser dei aldri, seier den erfarne KrF-politikaren frå Sunnmøre.

Ho har difor sendt klage til kommunen og bedt juristane lese Kommunelova § 11–7. Her står det at alle deltakarar i politiske møte skal sjå og høyre kvarandre.

Møte som varer i timevis

Ålesund kommune har landets største kommunestyre, og møta kan bli både åtte og ni timar lange. Randi Walderhaug Frisvoll seier det er eit demokratisk problem dersom dei elektroniske møta fører til at folk ikkje deltek slik dei elles ville. Ho forstår at det blir freistande å arbeide litt langs med, og vedgår at ho sjølv også har stroke skjorter ein gong.

– Eg trur faktisk at enkelte kan bli freista til å gjere det – når du sit i møte i opptil åtte-ni timar så kan det bli freistande å lage litt middag, stryke litt kle eller gå og måke litt, seier ho.

– Har tillit til at dei følgjer med

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er samd i at det beste hadde vore at alle skrudde på kamera. Problemet er at Ålesund kommune har 77 kommunestyre-politikarar og at systemet berre taklar 49 kamera samstundes. Ho er ikkje redd for at folk med avslått kamera lurer seg til husarbeid i staden.

Teams-møte med ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) og stabssjef økonomi og virksomhetsstyring i Ålesund kommune, Lars Kristen Fylling.

Her er ordførar Eva Vinje Aurdal deltakarar på eit elektronisk møte saman med stabssjef Lars Kristen Fylling.

Foto: Skjermdump

– Eg har den tilliten til dei folkevalde at når dei er på møte så er dei på møte, uansett om det er digitalt eller fysisk. Men at det er hyggelegare å sjå kvarandre er eg heilt samd i, seier Aurdal.

Ordføraren seier kommunen vil no vurdere kravet frå Randi Walderhaug Frisvoll.

Slår fast at lova er klar

Kommuneorganisasjonen KS er ikkje i tvil om at ho som vil sjå politikar-kollegaene sine har rett. Det er heilt riktig at kamera må vere på under eit politisk møte, stadfestar Dag-Henrik Sandbakken, som er fagsjef i KS. Lova er tydeleg på at ein skal sjå, høyre og kommunisere med kvarandre.

Dag-Henrik Sandbakken, KS

Dag-Henrik Sandbakken i KS seier alle deltakarar på politiske møte skal sjå og høyre kvarandre.

Foto: Ingvild Eide / NRK

– Det er riktig å tolke lova bokstaveleg og då må alle folkevalde ha på kamera, seier Sandbakken.

Han meiner kommunen bør vurdere om dei har valt rett dataprogram dersom det er vanskeleg å få med alle 77 delegatane i Ålesund på kamera samtidig. Han seier også at det er eit problem for fleire andre kommunestyre i landet.

Håper at kamera blir skrudd på til neste møte

No håper Randi Walderhaug Frisvoll at det blir slutt på dei svarte skjermane, og har bedt om at juristane i kommunen vurderer saka før kommunestyremøtet i Ålesund neste veke.

– Eg begynner å bli mektig lei av denne pandemien der vi skal halde oss for oss sjølv og ikkje møtest. No er det viktigare enn nokon gong at vi kan sjå på kvarandre, seier ho.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 25.02.2021
1 588
Smittede/uke
92
Innlagte
620
Døde
308 145
Vaksinerte