NRK Meny
Normal

Ordføraren tvilande til kjempereiarlag

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr tvilar på om ei samanslåing av tre reiarlag i kommunen vil betre den økonomiske situasjonen. – Eg er veldig usikker på om økonomien i eit stort reiarlag blir vesentleg betre enn i tre små, seier Goksøyr til NRK.

Arnulf Goksøyr

Ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr, tvilar på om ei samanslåing vil betre økonomien til reiarlaga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er nettavisa nett.no som i dag melder at DNB pressar på for ei samanslåing av Havila Shipping, Olympic Shipping og Rem Offshore.

Viktig å behalde mest mogleg i Herøy

Ordførar i Herøy, Arnulf Goksøyr, seier han synest det er spennande å følgje med på det som no skjer:

– Eg har registrert over lang tid at DNB vil ha større einingar, men sjølv greier eg ikkje å sjå gevinsten i akkurat det. Det viktige for Herøy-samfunnet er å jobbe for å behalde det som er i faresonen i Herøy og regionen.

Havila Subsea

Alle reiarlaga har fleire offshore-skip i opplag. Eit av dei er Havila Subsea i Herøy.

Foto: Alf-Jørgen H Tyssing / NRK

Kjøpe meir tid

Goksøyr trur dei tre reiarlaga vil klare seg like godt åleine:

– Dersom ein kunne få kjøpe seg meir tid fram til 2019-20, trur eg reiarlaga kanskje ville klare seg betre kvar for seg, seier Goksøyr.

I følgje nett.no har dei tre reiarlaga over 15 milliardar i gjeld. DNB, som no pressar på for ein fusjon, er saman med Nordea ein av dei store långjevarane.

Konflikt-brør må samarbeide

Dersom samanslåingsplanane vert ein realitet, vil det nye selskapet etter det NRK erfarer bli landets største offshore-reiarlag. Ei samanslåing betyr også at Olympic-direktør Stig Remøy og broren Åge Remøy i Rem Offshore må samarbeide. Dei har tidlegare lege i strid både om Rem Offshore og om konserthuset i Fosnavåg. Til eit slik samarbeid seier Goksøyr følgjande:

– DNB må finne ein struktur som er berekraftig og gir framdrift, og dei må vurdere sjølve om dette er ei god løysing.

Han oppmodar om at ein blir ferdig med strukturarbeidet og får ei avklaring:

– Vi kan ikkje leve på nåler slik som i dag. Til dømes har Havila Shipping jobba lenge med restrukturering av gjeld, og dei treng ei avklaring kjapt, slik eg oppfattar det, seier Goksøyr.