NRK Meny
Normal

Ordføraren ikkje trygg på satsing i Fosnavåg

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H) seier han ikkje er trygg på lovnadene om at det vil bli satsa vidare i Fosnavåg etter oppkjøpet av Rem Offshore. No forventar han handling bak orda.

Arnulf Goksøyr

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr seier det blir vanskeleg å spå korleis utfallet blir for Herøy-samfunnet etter Rem-oppkjøpet.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Når ein først har kome til ei slik avklaring, så er det bra at ein med ein gong signaliserer at det skal satsast vidare i Herøy, seier Goksøyr.

Han føler seg likevel ikkje trygg på forsikringane om at folk i Herøy ikkje vil miste arbeidet sitt, etter at det torsdag vart kjent at Aker kjøper Fosnavåg-baserte Rem Offshore og innlemmer det i Solstad Offshore.

– Det er veldig vanskeleg å vite kva utfallet blir, det veit me kan hende først om eit par års tid. Dersom Rem Offshore hadde vorte verande på lokale hender, så hadde eg vore tryggare på kvar satsinga ville kome, seier Goksøyr.

Han forventar no handling bak lovnadene frå direktørane i Solstad og Aker.

Lars Peder Solstad

Solstad-direktør Lars Peder Solstad sa torsdag at dei tilsette i Rem ikkje treng å frykte for framtida.

Foto: NRK

– Snakk er snakk og resultat er resultat, det gjeld i alle bransjar. Me forventar at ein beviser det ein seier, og forheld oss heller til det enn til salige ord, seier Goksøyr.

Usikker på ny storaktør

Aker-direktør Øyvind Eriksen gjorde det torsdag heilt klart at selskapet ønskjer å kjøpe opp fleire reiarlag.

– Med ein ny storaktør, som slik det ser ut no ikkje er ferdig med å vekse, er det svært vanskeleg å seie kvar den framtidige satsinga blir i eit større selskap, trur Goksøyr.

Herøy-ordføraren meiner det er gode grunnar for at Aker og Solstad skal satse vidare i Herøy og på Sunnmøre.

– Me er midt i den maritime klynga, har stayer-evne og vilje til å få til ting både i gode og vanskelege tider. Me har så mange ting som speler i lag i det maritime miljøet på Sunnmøre, så for dei som kjenner bransjen bør det vere enkelt å seie at dette er ein svært god stad å satse vidare, seier Goksøyr.