NRK Meny
Normal

– Politiet kjem som regel sist

Det tok over ein time før politiet kom til gasslekkasjen på Ormen Lange-anlegget i Aukra onsdag. Ordførar Bernhard Riksfjord (Ap) opplever stadig at politiet kjem sist når det skjer noko. Han forstår ikkje korleis den venta omlegginga i politiet, skal endre dette.

Gasslekkasje på Nyhamna

Onsdag vart dei tilsette ved Ormen Lange på Nyhamna evakuerte, etter ein feil på ein straumfordelingsstasjon, som gjorde at det lak ut gass.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Alarmen om gasslekkasje frå landanlegget til Ormen Lange på Nyhamna i Aukra gjekk klokka 16.24 onsdag. For å kome til Nyhamna er politiet i Molde avhengig av ferje. Etter det NRK kjenner til kom politiet fram ca. klokka 17.40.

Det er ordførar Bernhard Riksfjord som er leiaren av beredskapsrådet i kommunen. Hans erfaringar, er at politiet ofte er sist ute når noko skjer, medan brannvesen og ambulanse kjem først. Ordføraren trur ikkje at endringa i politistrukturen, der det vert færre lensmannskontor, vil betre responstida

– I Aukra ser vi gong etter gong at når små eller store ting skjer, kjem politiet som regel til slutt. Eg kan ikkje begripe at dei vil vere der noko tidlegare etter omlegginga, seier Riksfjord.

I alle møter han har vore på med politiet, lovar dei at polititenestene skal bli betre, men ordføraren er usikker på om det verkeleg skjer.

Bernhard Riksfjord

Ordførar i Aukra, Bernhard Riksfjord (Ap) forstår ikkje korleis responstida til politiet skal bli kortare etter den venta omlegginga av etaten.

Foto: NRK

Som Pentagon

Torsdag prøvde han å få politiet til å svare på kor tid dei var framme ved Ormen Lange-anlegget kvelden før, men opplevde det som vanskeleg. Han fekk ikkje svar.

– Dei vernar frammøtte-tidspunktet omtrent som Pentagon. Eg vart overraska, seier Riksfjord.

Han legg til at gårsdagens varsling frå Shell vart gjort etter boka. Alle på anlegget vart evakuerte og dei fire personane som blei eksponerte for gassen frå ein straumfordelingsstasjon, vart sjekka av helsepersonell.

Politiet er på vei til Aukra

Politiet på ferja på veg til Ormen Lange onsdag.

Foto: Roar Strøm / NRK

Meir utsett med ferje

Lensmannskontoret på Aukra er ifylgje ordføraren i praksis lagt ned, med svært avgrensa opningstider.

– Den enkelte polititenestemann gjer sjølvsagt det beste ut av det, men samtidig er vi opptekne responstida. Vi må vere sikre på at det kjem nokon, seier Riksfjord. Han meiner Aukra er meir utsett enn kommunar som ikkje er avhengige av at politiet skal kome med ferje.

Ikkje så alvorleg som frykta

Thorry Aakenes, stabssjef i Nordmøre og Romsdal, seier at grunnen til at det tok ein time før politiet kom til staden onsdag, var at det som først vart karakterisert som ei alvorleg hending, raskt vart avklart til å vere av eit mindre omfang. Dermed vart prioriteten nedgradert.

Aakenes seier at ordføraren si oppleving om at politiet som regel er sist, stemmer.

– Slik er det når ein opererer i distrikta. Politiet er ofte avhengig av lengre reisetid for å komme fram. Vi har ikkje døgnberedskap i alle kommunar, seier Aakenes.

I dag er det 26 lensmannskontor i Møre og Romsdal og halvparten av desse skal bort. Aakenes meiner likevel at resonstida til politiet skal bli betre.

– Vi skal ha fleire rullande einingar, som skal løyse alt frå akutte oppdrag til etterforskingsbiten. Når vi har rullande einingar ute i distrikta, vil vi ha kortare tid før vi kjem til dei aktuelle stadane, seier Aakenes.