Hopp til innhold

Ordførar-avtalen står ved lag

Senterpartiet i Norddal har vedteke at avtalen som inneber at Bjørn Inge Ruset (Ap) blir ny ordførar i kommunen skal stå ved lag.

Norddalslista har nettopp kome med eit forslag til Sp om eit samarbeid som inneber at Arne Sandnes (Sp) kunne halde fram som ordførar. Sp og Norddalslista ville saman ha fleirtalet i kommunestyret.

På eit møte mellom styret i Norddal Senterparti og kommunestyregruppa i partiet onsdag formiddag meinte fleirtalet at den avtalen som blei underskriven 2. oktober skulle stå ved lag. Avtalen var underskriven av Sp, Ap, FrP og Tverrpolitisk liste.

Håkon Myklebust i Norddal Senterparti seier til NRK Møre og Romsdal at det før valet var svært mykje uro med mykje kritikk av Arne Sandnes. - Mange av oss meiner at utspelet frå Norddalslista kjem for seint, og ein kan lure på motiva bak. No har vi eit fleirtalsvedtak på at avtalen med dei tre andre partia står ved lag, seier han.

Norddalslista var før valet blant dei ivrigaste for å få Sandnes fjerna som ordførar. 

Det nye kommunestyret i Norddal konstituerer seg onsdag ettermiddag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL