NRK Meny
Normal

Ord på svarteliste: sigøynar

Er det lov å seie – og skrive – "sigøynar" lenger?

Spel og dans blant romar i Brno, Tsjekkia

Rom-festival i Brno, Tsjekkia

Foto: ANTININ NOVY / AP

Dette er det første temaet i den nye serien "Ord i dag" - i formiddagssendinga vår i radioen kvar onsdag og her på nettet med nytt tema rett som det er!

Ring gjerne FORMIDDAGSTELEFONEN dersom du har forslag til tema som gjeld ord og språkbruk: 70 11 57 90

eller send e-post til Ord i dag

Rasistisk?

For ein månads tid sidan sende nyheitsredaktøren i NRK ut beskjed om at ordet ”sigøynar” ikkje lenger skal brukast i institusjonen fordi rom-folket sjølve oppfattar det som rasistisk.

Ulike meiningar

Mange har sagt si meining i pressa etterpå. Her er nokre synspunkt:

  • Sjefredaktør Hans Erik Matre i Aftenposten er samd med Johnsen i at ”sigøynar” bør vekk. Han vil leggje stor vekt på kva eit folk sjølv ønskjer å bli kalla.
  • Sjefredaktør Bernt Olufsen i VG synest derimot at slike endringar bør komme gradvis. Han oppfattar ikkje sigøynar som rasistisk, og meiner at ”rom” enno er for ukjent i Noreg til at det kan erstatte sigøynar. Det siste argumentet får tilslutning av direktør Sylfest Lomheim i Språkrådet.
  • Johan Myking, leiar i terminologirådet, vil heller ikkje ha noko forbod. Han tilrår at redaksjonane i tida framover brukar både ”rom” og ”sigøynar”.
  • Blant dei norske romane sjølve er meiningane delte, ser det ut til. Ein kjend norsk rom som Jan Jansen seier til NRK at han ikkje kjenner seg som eit menneske når han blir kalla sigøynar. Men Natalia Bielenberg i Den norske sigøynerfestivalen Iagori seier at dei ikkje har planar om å skifte namn.
  • Fleire som har uttalt seg meiner at her har det gått litt for fort i svingane, ein bør ikkje over natta forby eit ord dei fleste ikkje legg noko negativt i.
Raya på festivalen Iagori

Raya med Trio Gipsy Legacy på Iagori i 2005

Foto: HEIKO JUNGE / SCANPIX

Ordet sigøynar

Det er delte oppfatningar om kva ordet kjem av, men variantar av det blir brukt i mange europeiske land. Somme trur på eit slavisk opphav, somme trur at det har greske røter. Det velkjente engelske ordet ”Gipsy/Gypsy” kjem av ”Egyptian” – det var ei vanleg oppfatning at dei kom frå Egypt. I dag er vi sikre på at dette folket kom frå India, i fleire utvandringsbølgjer og til ulike tider. No finst romfolket i alle verdsdelar.

Rom

På den internasjonale rom-dagen 8. april i år sende Arbeids- og inkluderingsdepartementet ut ei pressemelding som opna slik:

- Jeg ønsker å gratulere alle rom/sigøynere i Norge med dagen i dag, 8. april, sier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

I fleire europeiske land blir no rom brukt meir og meir – iallfall i offisiell samanheng – om denne folkegruppa. Ordet har ingenting med byen Roma å gjere; det betyr opphavleg menneske eller mann. Tradisjonelt har romane kalla ikkje-romar for gadje, eit ord som iallfall er nedsetjande – det kan omsetjast med bondeknøl eller liknande! Men det må kanskje eit undertrykt og forfølgt folk ha lov til…

Ein klar parallell er den folkegruppa som det før var vanleg å kalle eskimoar: Dette ordet blir i dag oppfatta som nedsetjande, og no er inuit (=menneske, folk) i ferd med å ta over.

Slik bøyer du "rom":

Nynorsk: ein rom – romen – romar – romane

Bokmål: en rom – romen – romer – romene

Romanés og romani

Språket til romane heiter i Noreg romanés. I mange andre land blir det kalla romani, men i Noreg og Sverige er romani språket til taterane – også eit omstridd ord som mange vil ha på svartelista! Ei vanleg oppfatning i dag er at taterane og sigøynarane har same opphav, men ikkje alle er samde. Meir om taterar og taterspråk seinare på denne nettstaden!