Oppjusterer farevarsel om kraftige nedbørsmengder

Det kan bli store mengder med regn i Møre og Romsdal og Trøndelag tysdag ettermiddag og kveld. Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel.

Oransje farevarsel

Meteorologisk institutt har oppjustert farevarselet for tysdag på grunn av kraftig regn.

Foto: Meteorologisk institutt

Tysdag ettermiddag er det venta lokalt svært kraftige regnbyer i Møre og Romsdal og indre strøk av Trøndelag sør for Trondheimsfjorden. Farenivået har auka frå gult til oransje.

– Lokalt kan det komme 30–50 mm på tre timar, men det blir store lokale forskjellar, seier Steinar Skare ved Meteorologisk institutt.

Farevarselet gjeld frå klokka 14 tysdag til 02 natt til onsdag.

Kan bli vanskelege køyreforhold

Orange farevarsel betyr at det fare for overfløymingar og jord- og flaumskred der regnbyene treff. Skare seier at det også kan bli vanskelege køyreforhold på grunn av overvatn på vegane og fare for vassplaning.

Også i Sogn og Fjordane er det venta kraftige regnbyer i indre strøk. Her er farenivået gult.

Det same gjeld for det sentrale Austlandet. Kraftigast nedbør er venta i Grenlandsområdet, nedre Buskerud og områda rundt Oslofjorden. Lokalt kan det komme 20-30 mm på tre timar.

Unngå farlege situasjonar

Søren Nykjær Boje, Jordskredvarsler HB

Søren Boje i NVE oppmodar folk om å fylgje med på verradaren før dei legg ut på tur.

Foto: Stig Storheil / NVE

NVE har sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare på grunn av nedbøren, for delar av Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Trøndelag og Oppland.

Jordskredvakt i NVE, Søren Boje, seier at dei kjem til å fylgje situasjonen tett i ettermiddag og kveld.

– I verste fall kan det gå jord og flaumskred slik prognosane ser ut. Det er størst fare der byene treff, seier Boje.

Han anbefaler folk om å fylgje med på vêrradaren før dei legg ut på tur.

– Det er viktig å tenke seg om for å unngå farlege situasjonar. Kanskje er det best å utsette turen til onsdag, seier Boje.

Laster Twitter-innhold