Oransje farenivå ved Mannen

NVE har justert opp farenivået ved det rasutsette fjellpartiet Veslemannen i Rauma i Romsdal til oransje nivå, altså det nest øvste. NVE justerte ned farenivået til gult nivå tysdag morgon etter ei veke med raudt nivå, men rørslene auka utpå kvelden og er framleis ganske høge. Det er no meldt regn og varmt ver, noko som gjer at farenivået blir oransje.