NRK Meny

Optimistprisen 2015

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv har tildelt Optimistprisen 2015 til Iris Fivelstad ved Villa Norangdal i Sunnylven. Prisen går til nokon i verdsarvsområdet med omland. Vinnaren må over tid ha vist særskild mot og optimisme i sitt arbeid eller gjennom handling ha vist evne til omstilling og tru på framtida. Det er lagt vekt på prosjekt som tar vare på naturarven og/eller kulturarven og kvalitetane som er knytt til verdsarven, og satsingar med fokus på berekraft og miljø/klima.

Villa Nordangdal
Foto: Matti Bernitz / Norske perler