Hopp til innhold

Optimistiske sjølv i deprimerande tider

Trass nedgangstidene trur sjefen for Vestbase at dei kjem til å måtte etterlyse meir arbeidskraft neste år.

Vestbase i Kristiansund

VESTBASE: Oljeservicebasen i Kristiansund er inne i ein krevjande periode. Men leiinga ser no lys i tunnelen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Alf Dahl

Den administrerande direktøren for oljeservicebasen i Kristiansund, Alf Dahl, trur det lysnar allereie neste år.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Oljeservicebasen i Kristiansund har fått merke nedgangstidene. Fleire har mista jobben eller blitt permitterte. Men dei dårlege tidene skal gå over, meiner sjefen.

– Det skal gå over. Vi er optimistar på lengre sikt – og ikkje deprimerte. Vi er ambisiøse på vegner av næringa, Vestbase og heile Kristiansund, seier den administrerande direktøren, Alf Dahl.

Ser mot 2017

For han meiner at allereie til våren i 2017 vil dei sjå lysare tider. Han trur nemleg at dei allereie då kjem til å trenge meir arbeidskraft. Og sjølv om NAV varslar ar arbeidsløysa kjem til å auke, er Dahl optimistisk.

– Frå våren neste år og utover har vi indikasjonar på meir aktivitet. Eg håper og trur at vi då er ferdig med det verste, seier Dahl.

Held folk i arbeid

Det er innmelde prosjekt som gjer at direktøren ser mot betre tider. Han seier at Vestbase er bygd for mykje meir fart enn dei no opplever. I mellomtida prøver dei å halde dei tilsette opptatt.

– Vi driv med opplæring og kompetanseheving samtidig som vi ser på ny teknologi og andre måtar å jobbe på. Vi prøver å sysselsette folk så godt som mogleg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL