Optimist etter møte

Hans Peter Kaaresen håpar at samferdselsministeren vil bli ein døropnar for Borgundfjordtunnelen. Tunnelen som vil binde saman Ålesund og Sula, er eit privat prosjekt som Kaaresen har jobb for i mange år, men vegvesenet har vore kritisk. Etter møtet med samferdselsminister Jon Georg Dale er Kaaresen optimist. Dei to blei mellom anna samde om at Dale skulle få tilsend grunnlagsmateriale for Borgundfjordtunnelen.

Hans Peter Kaaresen
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK