NRK Meny
Normal

Optimismen tilbake

Etter ein sesongstart der alt såg svart ut, er optimismen tilbake i midtnorske lakseelvar. Det gjeld også i Surna, men jubelstemning er det ikkje.

Etter ein sesongstart der alt såg svart ut, er optimismen tilbake i midtnorske lakseelvar. I Surna, ei landets beste elvar, er det også slik etter at fisket har teke seg kraftig opp. Men jubelstemning er det ikkje.

GOD FANGST: Etter ein dårleg start på sesongen, viser miljødirektoratet sine tal at dei fleste elvane i Midt-Noreg no er i ferd med å få gode fangstar.

Etter ein dårleg start på sesongen, har fisket i elva Surna i Surnadal blitt betre den siste tida. Leiar i Surnadal elveeigarlag, Georg Solem, trur det kan føre til ein brukbar sesong totalt sett.

– Før Sankthans var det dårlegare enn på mange år, men i det siste har fisket vore svært bra. Så totalt kan det hende at det blir brukbart.

Gode tal

Georg Solem

Leiar i Surnadal elveeigarlag, Georg Solem, fortel at toppåra for laksefiske frå nokre tiår tilbake er langt betre enn det som er gode lakseår no.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Tal frå miljødirektoratet viser at dei aller fleste elvane i Midt-Noreg er i ferd med å få gode fangstar etter ein sein start på sesongen, men nokon jubelstemning er det ikkje, for det er noko relativt med orda bra laksefiske.

– Eit bra lakseår no i det siste kan vere på 7,5 tonn her i Surna. Men eit toppår for tretti til førti år sidan var kanskje rundt det dobbelte, fortel Solem.

Grei sesong

Laksefiske i Surna

Etter ein dårleg start har laksefisket i Surna vore svært bra i det siste.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Noko toppår vert det uansett ikkje i år. Den seine starten og lite storfisk gjer at ein nøyer seg med å seie at det blir ein grei sesong. Ein må halde på håpet og bli i vatnet.

– Nei, ein kan ikkje gi seg. Her må ein berre stå på til kvoten er fylt, seier Bernt Tysnes.