Hopp til innhold

Optimisme trass færre nybygg

Det blir bygd færre bustader i Møre og Romsdal enn før. Tal for første halvår i år viser at det både blir igangsett og selt færre bustader enn dei siste åra. Likevel er tendensen betre enn for resten av landet.

Boligbygging i Lervig

ILLUSTRASJONSFOTO. Produsentane ser lyst på utviklinga, trass i at det blir bygd færre bustader enn før.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Frå januar til utgangen av mai blei det selt 20 prosent færre bustader i Noreg enn for same periode i 2013.

Også talet på i gangsette nybygg gjekk ned med 18 prosent. Det viser halvårstala frå Boligprodusentenes Foreining.

Fleire nybygg enn folketalsvekst

I Møre og Romsdal meiner produsentane det likevel er grunn til optimisme, trass i at tala viser nedgang også her.

Per Jæger

Per Jæger er administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Per Jæger, viser til at talet på nybygg er større enn det berekna behovet i fylket, ein tendens berre Møre og Romsdal og Rogaland kan skilte med.

–Vi reknar med at det blir bygd om lag 2000 nye bustader i Møre og Romsdal i 2014, seier Jæger.

Dette inneber at det blir bygd fleire bustader enn folketalsveksten skulle tilseie.

Bustader og venta behov

Jæger set dette i samanheng med at næringslivet i fylket går godt, og at det difor er optimisme også i byggenæringa:

Det verkar som at næringslivet i Møre og Romsdal går godt, og det gjer at fleire har økonomi til å kjøpe ny bustad. I tillegg har dei som bygger vore nøkterne i prisinga av bustader, og slik har marknaden fungert.

Boligstatistikk

Bustadbygging og venta behov for bustader. Kjelde: Boligprodusentenes Forening

Foto: Terje Jansen / Boligprodusentenes forening

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL