Hopp til innhold

Optimisme om rassikring

Politikarar frå Sunndal og Surnadal har torsdag vore i Samferdselsdepartementet og snakka om Oppdølsstranda og Trollheimstunnelen.

Nasjonal rassikringsgruppe på Oppdølsstranda

Nasjonal rassikringsgruppe på Oppdølsstranda

Foto: Roar Strøm / NRK

Oppdølsstranda mellom Sunndalsøra og Ålvundeid på riksveg 70 er svært skredutsett, og Trollheimstunnelen vil gje dei to kommunane ferjefritt samband.

Tove-Lise Torve

Tove-Lise Torve

Foto: NRK

Politikarane frå dei to kommunane fremja mellom anna kravet om å auke rassikringsløyvinga til ein milliard kroner. Ordførar Tove-Lise Torve (A) i Sunndal er full av pågangsmot etter å ha møtt den politiske leiinga i Samferdselsdepartementet.

- Må vere synlege

- Når folk er så interesserte i lokale prosjekt og vil arbeide for auka rammer til samferdsel generelt, så er eg optimist, seier ho. - Men jobben er ikkje gjort enno. Det blir mange møte i tida framover, og det er viktig fordi vi alltid må vere synlege og argumentere for kvifor prosjekta våre er viktige.

- Her handlar det om dei store prioriteringane på statsbudsjettet og den langsiktige Norsk transportplan. Derfor er det ikkje berre Samferdselsdepartementet og samferdselspolitikarar vi bør besøkje. Det er kanskje like viktig å argumentere i andre departement og i partia generelt.

Trollheimstunnelen

Trollheimstunnelen

Foto: Trollheimstunnelen

Norsk transportplan

- Tida fram til Norsk transportplan skal endeleg avgjerast blir veldig viktig. Indre Nordmøre må få på plass rassikring i Oppdølsstranda av omsyn til liv og helse og næringsliv, og vi må byggje Trollheimstunnelen for å få ein større bu- og arbeidsmarknadsregion, seier ordførar Tove-Lise Torve.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.