Hopp til innhold

Småkraftprodusentar ser lysare på livet

Det er optimisme hos småkraftprodusentane trass i låge kraftprisar og vanskelege kår.

Trond Ryslett

Trond Ryslett i Småkraftforeninga har tru på betre kår for næringa.

Foto: NRK

Grunnen er at regjeringa vil endre reglane for dei grøne el-sertifikata.

Fekk problem

Mange av dei som blei ståande utanfor ordninga fekk store økonomiske problem då den raud-grøne regjeringa endra regelverket i 2009. Ryslett meiner dette var ei katastrofe for næringa.

– Denne fadesa har utvikla seg, sidan kraftprisane er lågare enn det som var forventa i 2009. Dette har gjort at mange produsentar er komne i eit forfereleg uføre, seier han til NRK.

Fekk ikkje vere med

170 produsentar fekk ikkje vere med i ordninga med dei grøne sertifikata. Ryslett trur dei kan kome med likevel.

– Regjeringa har sagt at dei skal gjere det dei kan for at dette skal ordne seg.

Trond Ryslett seier produsentane ikkje kan forvente å få tilbake det dei har tapt.

– Men det er jo stort berre å få vere med på ordninga. Eg er meir optimistisk no enn eg har vore på lang tid. For dette har vore nokre tunge år, der store verdiar har stått på spel for småkraftprodusentar over heile landet, seier han.