Hopp til innhold

Oppvaskmaskina tok fyr under frukosten

– Eg drog ut stikkontakta og fekk den brennande oppvaskmaskina ut på verandaen, seier Jostein Linga.

Oppvaskmaskina tok fyr

Då paret åt frukost starta det plutseleg å brenne i oppvaskmaskina.

Foto: privat

Det var søndag i 9.30-tida at Jostein Linga og kjærasten Britt Åse Skare frå Sykkylven sat ved frukostbordet. Oppvaskmaskina sette dei på ein halvtime før. Plutseleg høyrde dei eit stort smell frå maskina og det byrja å kome røyk.

– Det var skremmande. I løpet av berre to minutt stod flammane ut av maskina, fortel Jostein Linga.

Bar maskina ut

Linga tenkte raskt og drog ut stikkontakta og klipte av vasslange og leidningar. Britt Åse fekk naboen til å kome i all hast og hjelpe han å bere ut den brennande oppvaskmaskina på verandaen. Sjølv var dei overraska over kor fort brannen utvikla seg. Jostein Linga tør aldri meir å sette på oppvaskmaskina utan å vere i huset.

– Mange gongar har eg sett på maskina når eg legg meg, slik at den går nattetid. Det skal eg aldri meir gjere, seier Linga.

Brannfarleg

Han sjekka på nett og ser at akkurat denne oppvaskmaskina har det vore sendt ut åtvaringar om tidlegare.

– Vi kontaktar leverandøren i morgon, seier sunnmørsmannen.

LES OGSÅ:

Bør vere heime

Brannvesenet kom til staden fem minutt etter at oppvaskmaskina kom ut på verandaen. Brannsjef i Sykkylven, Oddmund Grebstad, seier at ingen bør sette på vaskemaskiner eller oppvaskmaskiner utan å vere til stades.

– Hendinga i dag viser kor fort ein brann utviklar seg, seier Grebstad.

Han har vore med på fleire brannar der vaskemaskin, tørketrommel og oppvaskmaskin er årsaka.