Opptaksrekord i Molde

Høgskulen i Molde smadrar sin eigen opptaksrekord når over 2000 personar får tilbod om studieplass. Auken skuldast både auka søkartal, nye analyseverktøy og finansiering av ekstra studieplassar. Veksten er særleg stor på studieretningar som IT og juss, men også helse- og sosialfaga gir tilbod til langt fleire enn tidlegare, seier rektor Steinar Kristoffersen.

Rektor Steinar Kristoffersen, Høgskulen i Molde
Foto: Høgskulen i Molde