Sjå bildegalleri frå flaumen i Syvde
Sjå bildegalleri frå flaumen i Ørsta
Vegen til Sørdalen
Skadane er svært omfattande, og i Syvde i Vanylven blir det arbeidd med å opne vegsambandet frå sentrum til Sørdalen. Det fortel brannmeister i Syvde, Ivar Arnesen. Det er vegstyresmaktene som må finne ei løysing på vegen til Sørdalen, seier Arnesen.
Vegen er stengt ved Reite bru, der store steinmassar stenger brua og det er uklart om brua er intakt. Dersom ho er det skal det ikkje så mykje arbeid til for å få gjenoppretta vegsambandet.
Ber folk bruke lite vatn
Det var også brot på vassforsyninga i går og kommunen ber no folk i heile Vanylven om å redusere vassforbruket til eit minimum som følgje av skadane i Syvde.
Saman med Sivilforsvaret har kommunen kopla opp ein mellombels vassleidning. Denne løysinga har avgrensa kapasitet og fører til dårleg trykk i endane av nettet, seier Ivar Arnesen.