Hopp til innhold

Opprør mot leiinga i Helse Møre og Romsdal

Det er fullt opprør mot leiinga i Helse Møre og Romsdal etter at helseføretaket foreslo å utnevne felles sjefar til alle klinikkane.

Frode Aasen

Volda sjukehus ønskjer å setje opp ein lettvegg for å dele eit firemannsrom i to. Dette må dei spørre leiinga i Ålesund om lov til, sjølv om det i følge overlege Odd Frode Aasen er eit enkelt og billig prosjekt.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Stortinget har vedteke stadleg, lokal leiing for alle sjukehus i Noreg. Samtidig har Helse Møre og Romsdal HF vedteke felles leiing for sine sjukehus i Ålesund, Molde, Kristiansund og Volda. Odd Frode Aasen, som er hovudtillitsvalgt for overlegeforeininga ved sjukehuset i Volda meiner det er problematisk å ikkje ha stadleg leiing.

– Hovudproblemet er at vi ikkje blir herre i eige hus, då må vi spørre øvste leiing i Ålesund om lov til å utføre ting som eigentleg er rart å spørre andre om.

Må spørre om lov til småting

I eit brev til leiinga i helseføretaket ber legane og sykepleiarane sine fagforeiningar om at det blir gjort ei ny vurdering av saka.

Frode Aasen

Overlege og tillitsvalt ved Volda sjukehus, Odd Frode Aasen seier det er tungvint med ei tversgåande leiing.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Det er vi som arbeidar ved sjukehuset under denne leiinga, som ser best at systemet ikkje fungerer, seier Aasen.

Sjukehusa må spørre om lov til alle endringar. Medisinsk avdeling ved Volda sjukehus ønskjer å setje opp ein lettvegg for å skilje eit firemannsrom.

Dette får vi ikkje lov til å gjere i dag utan å spørre leiinga i Ålesund om lov. Det er svært tungvint.

Aasen meiner at denne ordninga fråtek sjukehuset moglegheita til å betre pasientane sine forhold.

Ønskjer ikkje omkamp

I forslaget frå helseføretaket er det planar om å opprette felles klinikksjefar for dei fire sjukehusa, Ålesund, Molde, Kristiansund og Volda. Den nye klinikksjefen vil kome i tillegg til dei lokale klinikksjefane som allereie er ved dei ulike sjukehusa.

– For oss er det ei motsetning å ha ein stadleg leiar og ein tversgåande, kven skal då bestemme når det er noko ein er ueinige i?, spør Aasen.

Espen Remme

Helsedirektør, Espen Remme vil ikkje gjere om på vedtaket.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

I Ålesund sit helsedirektøren, Espen Remme. Han har bestemt den nye organiseringa, og ønskjer ikkje omkamp om kor sjefane skal sitte.

– Det er viktig at vi vel ein leiingsmodell som også løyser problema lokalt i Volda, og ved dei andre sjukehusa. Dette skal vi få til sjølv om vi har valt ei overordna leiing.

Men dersom den lokale leiiaren er uenig med klinikksjefen i Ålesund, kven bestemmer då?

– Då blir det ein diskusjon der den øvste leiaren vil bestemme, seier Remme.

No er det er stor frustrasjon blant legar og sjukepleiarar i Volda. Dei meiner ordninga vil vere ein fordel for stordrifta, og ei ulempe for dei små sjukehusa i fylket.

– Det aller meste av pasienthjelp blir gjort her på huset, og då treng vi samarbeid innad på huset. Det er ikkje naudsynt å snakke med Molde, Kristiansund eller Ålesund. Med denne ordninga får vi berre ulemper og ingen fordelar, seier overlege Aasen.

Volda sjukehus

Legar og sjukepleiarar ved Volda sjukehus er frustrert og skuffa over helseføretaket i Møre og Romsdal, og meiner dei veit best om kva som er best for sjukehuset og pasientane.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK