I eit brev til Energi- og miljøkomiteen på Stortinget krev ordførarane at Storfjorden ikkje blir med i verneforslaget.
Ordførarane viser til at det er eit produksjonspotensiale på om lag ti milliardar kroner årleg i dei aktuelle kommunane.
Brevet er ført i pennen av Norddal ordførar Arne Sandnes frå Senterpartiet.
Dei øvrige representerer Høgre og Kristeleg folkeparti.