Hopp til innhold

Demonstrantar meiner skuletilbodet blir rasert

Det er opprør blant elevar og lærarar i Møre og Romsdal. Dei meiner det er heilt feil at skulane skal ta støyten for å få fylkesbudsjettet i balanse.

Demonstrasjon Utdanningsforbundet, Molde

DEMONSTRASJON: Utdanningsforbundet arrangerte demonstrasjon i Molde måndag.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

Måndag kveld har fleire hundre demonstrert mot at skulane må kutte i tilbodet for at fylket skal spare pengar.

– Mange elevar har det vanskeleg

Bakgrunnen er at fylkeskommunen må spare 112 millionar kroner, og fylkesrådmannen har foreslått å kutte ei rekke skuletilbod.

Bjørgulv Vinje Borgundvaag

Bjørgulv Vinje Borgundvaag

Foto: Ilja C. Hendel

– Det er ikkje tvil om at fylket brukar elevane og vidaregåande skular som ein salderingspost. Det er vi i norsk lektorlag kritiske til, seier politisk rådgjevar, Bjørgulv Vinje Borgundvåg i Norsk Lektorlag.

Utdanningsforbundet oppfordra lærarane til to timar med politisk streik måndag, i tillegg til at dei arrangerte fakkeltog i Molde.

Leiaren i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal, Aslak Berntsen Husby, seier det er mange elevar som har det vanskeleg og fryktar dei skal miste skuletilbodet sitt.

– Det er mange gode tilbod som forsvinn om dei går inn for dette forslaget. Det går utover mangfaldet i skuletilbodet. Vi er veldig klar over at dette er vanskeleg for politikarane, men dei bør heller sjå på administrasjonen for å spare, seier han.

Demonstrasjon i Molde.

Demonstrasjon mot kutt i skuletilbodet i Møre og Romsdal.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK

– Går glipp av kunnskap og kompetanse

Møre og Romsdal lektorlag meiner innsparingane fylkeskommunen planlegg vil føre til at viktig kunnskap og kompetanse vil gå tapt. Dei meiner også det blir heilt feil å kutte i yrkesfaga.

– Politikarane nasjonalt er opptatt av å satse på yrkesfag, så ser vi no at Møre og Romsdal foreslår å kutte kraftig i yrkesfagtilbodet, seier Bjørgulv Vinje Borgundvåg.

Demonstrasjonen er ein av mange etter at kuttforslaga til fylkesrådmannen vart kjent. Tysdag skal politikarane i fylkesutvalet ta stilling til sparepakken, og håpet til demonstrantane er at skulane ikkje blir så hardt råka.

Fylkespolitikerne i Møre og Romsdal møtte elever som demonstrerte mot kutt i den videregående skolen.

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) i møte med demonstrantar under den eine av mange demonstrasjonar siste tida.

Foto: Trond Vestre / NRK

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) seier målet er å legge fram gode løysingar.

– Vi har som ambisjon å avgrense nokre av kutta og finne ein god balanse. Men vi må kutte og kutt smertar, seier ho.

Vil legge ned skule

Anders Riise frå Høgre meiner forslaget dei skal ta stilling til legg opp til seigpining av skulane.

– Vi vil legge fram eit forslag som ikkje vil ramme ungdommen i så stor grad. Vi foreslår å legge ned Tingvoll vidaregåande skule i staden for ostehøvelprinsippet. Vi vil også kutte i administrasjonen i fylkeskommunen, seier han.

Fylkesordførar Torve er usamd i at dette er ei god løysing, og slår fast at dei ikkje vil legge ned skular.

Demonstrasjon i Molde mot skulekutt

Det har vore fleire demonstrasjonar i Møre og Romsdal etter at kuttforslaga i vidaregåande opplæring vart lagt fram.

Foto: Remi Sagen / NRK