Hopp til innhold

Opprettheld bildrapsdom

Frostating lagmannsrett opprettheld dommen på fire månaders fengsel mot ein mann i 80-åra etter ei dødsulykke ved Borgundgavlen i februar i fjor. Eit eldre ektepar blei påkøyrt i eit gangfelt. Mannen døydde og kona blei alvorleg skadd.

Trafikkulykke Sunnmøre museum

Ein bilførar i 80-åra er dømd for aktlaust drap etter å ha køyrt på eit eldre ektepar. Mannen i 70 åra døydde av skadane medan kona blei alvorleg skadd.

Foto: Olaug Bjørneset

Bilføraren i 80-åra er også frådømt retten til å køyre bil på livstid og må betale erstatning på til saman 380.000 kroner til dei etterlatne.

Dommen blei avsagt onsdag i forrige veke. Førebels er det berre domsslutninga som er gjort tilgjengeleg. Heile dommen kjem først seinare.

Rettssak - Sunnmøre tingrett - F.v. Aktor Cathrin Remøy og Bistandsadvokat Monica Gjerde Sperre

Bistandsadvokat Monica Gjerde Sperre (t.h.). Biletet er teke i samband med behandlinga av saka i Sunnmøre tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Gjennom sin bistandsadvokat, Monica Gjerde Sperre, seier familien til den omkomne mannen følgjande i dag:

«Familien har mistet og tapt så mye i denne saken. Men en dom som legger ansvaret på den skyldige parten vil nok hjelpe familien til å fokusere på å bearbeide sorgen og forsøke å komme videre i livet.»

Forsvarar for den dømde bilføraren, Erling Flisnes, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Trafikkulykke ved Sunnmøre museum

Trafikkulykka skjedde like ved Sunnmøre museum.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL