NRK Meny

Oppretta sak etter bussvelt

Politiet har oppretta sak, og held i dag fram etterforskinga i samband med at ein turistbuss køyrde av vegen og velta i Averøy i går ettermiddag. Uhellet skjedde då to bussar møttest i lav fart på fylkesveg 247 i Averøy, og den eine av dei kom ut i grøfta og velta. 42 tyske turistar var om bord i då bussen velta. Ingen kom til skade.

Turistbuss veltet på Averøy
Foto: Tommy Stormo