Hopp til innhold

Vil ikkje gi oppreising til alle mishandla barn

– Det blir feil viss oppreisingsordninga for mishandla barn skal gjelde berre dei som har vore i institusjon, seier Asmund Kristoffersen i Rettferd for taperne.

Fosterhjem - illustrasjon
Foto: Illustrasjonsfoto

Asmund Kristoffersen

Politikaren Aasmund Kristoffersen meiner at oppreisingsordninga skal gjelde for alle barnevernsbarn.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

Kristoffersen, som er styremedlem i stiftinga Rettferd for taperne, meiner at oppreisingsordninga for barnevernsbarn bør gjelde alle barnevernsbarn som er utsett for forsøming og mishandling.

– Det bør gjelde alle som har vore utsett for omsorgssvikt og overgrep i anten barneheim, fosterheim eller i andre forhold der det offentlege har plassert barna, seier Kristoffersen.

Han er klar på at det er direkte umoralsk å setje ei grense for kven som skal få oppreising og ikkje.

Berre for barn i institusjon

Politikarane i fylkesutvalet ønskjer å ha ei felles oppreisingsordning for menneske som blei utsett for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim, spesialskule eller annan kommunal plassering før 1. januar i 1993.

Men kommunane vurderer no eit forslag frå KS der berre dei som har vore i institusjon kan få oppreising.

– Eg meiner at ei slik avgrensing kan ikkje skje. Eg forstår ikkje kva slags moralsk syn dei legg til grunn når dei med dette vel å seie at enkelte skal oppleve audmjukinga på nytt, seier Kristoffersen i Rettferd for taperne.

Kristoffersen meiner at ein må gripe sjansen til å få ei ordning som inkluderer alle som har blitt utsett for forsøming i barndom og tidleg i vaksenlivet.

– Eit kompromiss

Knut Støbakk

Knut Støbakk i KS Møre og Romsdal seier forslaget kjem som følgje av motførestillingar i kommunene.

Foto: Trond Vestre / NRK

Knut Støbakk, styreleiar i KS Møre og Romsdal, understrekar at KS ikkje har konkludert i saka.

– Dette er ute til høyring blant medlemskommunane våre, så vil vi ta med oss signala vi får.

Det er eit ønskje om å snevre inn ordninga for å få med fleire kommunar. Det er årsaka til at berre tidlegare barneheimsborn er inkludert i forslaget, hevdar Støbakk.

– Det har vore motførestillingar i fleire kommunar for å vere med på eit slikt system. Eg ser at også dei som har budd i fosterheim eller på spesialskule burde ha vore med, men dette er eit kompromiss som vi enda opp med etter at initiativet kom, seier han.