- Dei frontane som eventuelt blei bygd opp i samband med bankoppkjøpet må byggast ned igjen, oppmodar Heggem.
Han viser til at ein har vore heldig i Molde, sidan næringslivet og banknæringa har vore samkøyrde.
- Dette må halde fram, seier Heggem.
Rundt 200 aksjonærar møtte fram på den siste generalforsamlinga til den 77 år gamle Romsdals Fellesbank i Molde.
Markering

Stig O. Jacobsen (Foto: Gunnar Sandvik, NRK)
Valkomiteen med unnatak av Stig O. Jacobsen, gjekk inn for fullt attval av representantskapet.
Men før møtet oppmoda Jacobsen representanten Terje Heggem om å trekke sitt kanditatur, fordi han var motstandar av bankoppkjøpet.
Heggem følgde ikkje oppmodinga, og då øndkte ikkje Jacobsen å sette saka på spissen.
Han ville ikkje ha noko kampvotering og kom difor heller ikkje med ein motkandidat.
Dette var mest som ei markering frå Jacobsen si side, då representantskapet berre skal site ei mellombels periode til Fellesbanken er fullstendig overtatt av Sparebank 1 Midt-Norge.
Tvangsinnløysing

Finn Haugan
Enno er det enkelte aksjonærar som har valt å ikkje selje aksjane sine til SpareBank 1 Midt-Norge.
Desse blir no tvangsinnløyst, men til same kurs som dei som selde frivillig.
- Dei må selje til 171 kroner, seier administrerande direktør Finn Haugan.