NRK Meny
Normal

Opplevingskort populært i fylket

Slett ikkje alle familiar har råd til å la barna delta i fritidsaktivitetar. Opplevingskortet gir barn frå familiar med dårleg råd gratis inngang.

Slett ikkje alle familiar har råd til å la barna delta i fritidsaktivitetar. Opplevingskortet gir barn frå familiar med dårleg råd gratis inngang. Femten kommunar i Møre og Romsdal er no med på ordninga.

Opplevingskort er populært i Møre og Romsdal.

Femten kommunar i Møre og Romsdal er no med på ordninga der familiar med dårleg råd kan få opplevingskort til barna sine.

– Det kjem fleire familiar her med opplevingskort, seier Job Bakker som er driftsleiar på Lekeland AS.

Spesielt i helgene kjem det ungar med opplevingskort, kan han fortelje.

Innført i 2009

Ålesund kommune innførte kortet i 2009, og etter det har ei rekkje kommunar i Møre og Romsdal følgt etter.

– No er 15 kommunar med i ei fylkesdekkjande ordning, seier rådgivar i fylkeskommunen, Hege Gagnat.

– Det gjer at barn og unge i familiar som har behov for det får gratis opplevingar på kino, badeland, og ulike kultur- og idrettsaktivitetar på tvers av kommunegrensene, seier rådgivar i fylkeskommunen, Hege Gagnat.

Stort behov

Kommunane som er med på ordninga med opplevingskort ser at det er stort behov for slike tilbod.

– Ut frå eigen erfaring trur eg at det er store forskjellar, både i vårt fylke og i resten av landet, og fleire statistikkar viser at det er fleire og fleire fattige born i Noreg, seier Ann Kristin Angelsen som er dagled leiar på Lekeland AS.

Dei som får slike opplevingskort tykkjer ikkje at det er flaut.

– Det er meir stigmatiserande å stå utanfor og ikkje få lov å delta, enn å ikkje få lov å delta, seier Angelsen.