NRK Meny
Normal

Opplevde gjerningsmannen på nært hald

Liv Fostervoll prisa seg lukkeleg over at ho ikkje opna opp døra då ein ukjent mann ringte på fire gongar midt på natta. Han er truleg gjerningsmannen bak ei valdtekt og to overfall.

Liv Fostervoll

Voldtektsmannen ringte truleg på døra til Liv Fostervoll før han overfall nabokvinna 23. august.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

15. juli vart ei kvinne i 80-åra overfalt og valdteken i heimen sin i Mauseidvåg på Sunnmøre. Få veker etterpå, 23. august, vart ei anna eldre kvinne overfalt og forsøkt valdteke i omsorgsbustaden sin, ikkje langt i frå det første offeret.

LES OGSÅ:

Etter at politiet måndag gjekk ut med ei fantomteikning av det som truleg kan vere gjerningsmannen, har dei fått inn fleire titals tips. Nabokvinna til det andre offeret, Liv Fostervoll, fortel at ho sjølv opplevde mannen på nært hold.

– Eg vakna av at eg høyrte nokon luske utanfor vindauget.

Voldtektsmann

Liv Fostervoll studerer framsida på Sunnmørsposten, som har trykka politiets fantomteikning.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Fostervoll la seg til att for å sove, men etter ei lita stund ringte det på døra. Med jamne mellomrom ringte mannen på heile fire gongar.

Eg hadde aldri trudd at noko slikt skulle skje her. Det er ikkje normalt å ringe på døra klokka fire om natta.

– Han visste at eg var aleine

Fostervoll opna ikkje, men stod berre meter frå det som truleg er gjerningsmannen i begge overgrepssakene.

– Eg stod på ei side på døra, og han stod på den andre sida og ringte på. Eg var så nære, men eg såg han ikkje.

Stien Måseidvåg

Gjerningsmannen sprang langs denne stien etter å ha overfalt den eldre kvinna 23. august i fjor.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / nrk

Same natt vart nabokvinna overfalt og forsøkt valdteken. Dei to kvinnene var dei einaste som budde aleine i nabolaget, noko Fostervoll trur gjerningsmannen visste.

– Denne mannen har nok luska rundt her før. Verken eg eller naboen har hatt gardinene trekt for, så eg trur han kjente til at vi var aleine heime.

Gjerningsmannen kan vere lokal

Politiet har no fått inn tips på namngitte personar.

Elin Drønnen

Politiinspektør, Elin Drønnen trur at mannen kan vere lokal.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

– Vi tenker at han kan ha lokal tilknytning til Sula. Vi jobbar framleis ut i frå denne teorien, men kan ikkje utelukke at han har vore andre stadar i landet, seier politinspektør, Elin Drønnen.

Politiet bed no eldre kvinner om å ta kontakt med politiet om dei har opplysningar i saka eller har oppleve noko sjølv. Fostervoll kjenner seg trygg no, men håpar at politiet snart skal finne gjerningsmannen.

– Ønsket vårt er at politiet skal finne han, for han har ikkje fortent noko anna enn å bli tatt.