Hopp til innhold

Oppklarte våpentjuveri

Politiet har oppklart tjuveriet av 11 våpen i Tingvoll. Gjennombrotet kom i dag då politiet aksjonerte fleire stader i fylket To personar er sikta, men begge to blei lauslatne etter avhøyr. Under aksjonen fann politiet ikkje berre dei 11 stjålne våpna, men også fire våpen frå eit tidlegare innbrot og ei større mengde narkotika. Ei eldre sak blei også oppklart etter funn av tjuvgods. Under dei to innbrota i Tingvoll blei det stole både pistolar, revolvarar og jaktrifler.