Hopp til innhold

Nedbøren gjer at brannforbodet er oppheva fleire stader

På grunn av nedbøren vi har fått dei siste dagane er forbodet mot å gjere opp eld utandørs oppheva i fleire kommunar i Møre og Romsdal.

Tonje Helene Blomseth og hunden Nanni ved bålet

Fleire kommunar i Møre og Romsdal har oppheva brannforbodet. Brannvakta i fylket trur også at fleire vil opne for å brenne bål.

Foto: Tonje Helene Blomseth

Alf Magne Smørholm

Brannsjef i Molde brann- og redningsteneste, Alf Magne Smørholm.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Geir Thorsen

Geir Thorsen, brannsjef i Ålesund og Giske.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Forbodet mot å gjere opp eld utandørs er no oppheva i fleire kommunar. Dei siste dagane har vi fått nok nedbør til at brannfaren i skog og mark er redusert. Brannvesenet seier likevel at det er forbode å gjere opp eld på ein slik måte at det kan vere fare for brann.

Gjeld fleire kommunar i Møre og Romsdal

Opphevinga av forbodet gjeld Molde, Rauma, Fræna, Vestnes, Eide, Nesset, Aukra, Midsund og Sandøy i Nordmøre og Romsdal, og brannsjefen i Ålesund og Giske opplyser at forbodet er også oppheva der.

Brannsjef i Molde brann- og redningsteneste, Alf Magne Smørholm, seier at ein bør likevel vere obs.

– Sjølv om brannfaren er redusert skal det ikkje mange dagane til før det blir tørke igjen. Etter brann- og eksplosjonsvernlova er det forbode å gjere opp eld på ein slik måte at det er fare for brann, seier Smørholm.

Lokale forskjellar

Han minner også om at det kan vere store lokale forskjellar med tanke på nedbør og korleis det påverkar brannfaren.

– Fram til det kjem snø på bakken eller at vegetasjonen blir grøn får vi liknande tilstandar som vi har om våren. Den døde vegetasjonen frå fjoråret tørkar lett og difor er faren for lyng- og skogbrannar større enn vanleg, seier Smørholm.

– Ikkje lenger nødvendig

Geir Thorsen, brannsjef i Ålesund og Giske, seier at dei også har oppheva forbodet i sine kommunar.

– Det har endeleg kome store mengder med nedbør, og terrenget har blitt skikkeleg vått, og då ser ikkje vi behovet for å ha eit forbod lenger, seier Thorsen.

Brannvesenet opplyser at enkelte kommunar har lokale reglar for brenning av bål.