– Vi som har ei bevegelseshemming, anten det er krykker eller rullestol, skal kunne kome direkte inn på eit apotek som fungerer som vaktapotek, seier Elde.
Løysinga er enkel, meiner han. Det er berre å skifte dør til den som er tilgjengeleg.
Berre denne døra er open utanom vanleg opningstid. (Foto: Alf-Jørgen Tyssing)
– Skaper problem
Elde meiner dette rett og slett er for dårleg. Han har sjølv kjent problemet med stengde dører på kroppen. Ved eitt tilfelle skulle han hente medisin som legen sa han skulle ha med ein gong. Døra han brukar til vanleg var låst, dermed måtte han prøve å få kontakt med dei på innsida – utan hell.
– Det er jo begrensa kor lenge eg gidd å sitje ute på fortauet og vifte med armane og sjå dum ut, seier Elde.
Denne døra bør brukast, meiner rullestolbrukar Leif Elde. (Foto: Alf-Jørgen Tyssing)
Det er Apotek 1 Nordstjernen som er vaktapotek for Ålesund og omland. Apoteket er ope søndagar og på kveldstid. Men ikkje alle dører er opne, og dette skaper problem for rullestolbrukarar.
– Ukjent problem
Apotekar Harald Brænne ved Apotek 1 Nordstjernen seier til NRK at han ikkje er kjend med problematikken som Elde reiser. Dørene på sida er stengde av omsyn til tryggleiken. Apoteket har også fått godkjent dette.
Rådet for funksjonshemma i Ålesund skal drøfte denne saka i sitt neste møte. Leif Elde håper det kan bli ei løysing.