Hopp til innhold

Oppgitt over sjudagaroppmoding

Ein bedriftsleiar i Kristiansund fortvilar over at folk blir bedne om å halde seg heime i sju dagar dersom dei har influensasymptom.

Svineinfluensa-informasjon
Foto: Thomassen, Christian / SCANPIX

Dagleg leiar Ole Johnny Hesjevik i Fosna Bygg seier at fleire tilsette har fått denne beskjeden av legane, men seinare har det vist seg at dei ikkje har svineinfluensa.

- Eg synest at det er rett og slett heilt bak mål. Vi som arbeidsgivar får ikkje svar om dei som er sjuke har svineinfluensa. Vi blir gåande i uvisse om det er noko alvorleg eller ikkje.

Sint for å ikkje bli testa

Hersjevik seier at dei taper mykje pengar som følgje av at mange er heime frå arbeid. Fleire tilsette har fått beskjed om å halde seg heime ei veke når dei på telefon har fortalt influensaliknande symptom til legen. Det har seinare synt seg at ein betennelse har vore årsaka, og at plagene har blitt lindra med antibiotika.

Ole Johnny Hesjevik

Dagleg leiar Ole Johnny Hesjevik i Fosna Bygg.

- Dei er fortvilte sjølve. Nokre har vore forbanna fordi dei ikkje har fått testa seg, fortel Hersjevik.

No arbeider også sjefane i bedrifta ute på byggeplassen for å bli ferdig med prosjekt. Hersedal er redd dei skal misse kontrakter på grunn av det han kallar svineinfluensahysteri fordi folk ikkje får kome til legen.

- Vi har fått ein dato der vi skal levere eit prosjekt og då er det deadline. Her blir det lange kveldar, klokka var blitt 22.30 før folk kom seg heim måndag.

- Ta ansvar sjølve

Kommunelege Kai Grimstad i Kristiansund seier at dei tek inn folk alt etter kapasitet og kor sjuke folk er. Han seier at de gir råd så godt som mogleg på telefon, men oppfordrer folk til å ta ansvar sjølve.

- Sjukmelding vil berre vere ei rettleiing. Om folk oppfattar dette som ei slags friveke velsigna av staten og legen om dei føler seg litt dårleg, så er det heilt feil, seier kommunelegen.

Grimstad seier at ved klare symptom vil dei teste så lenge dei har kapasitet til det.

- Kan føre til ruin

Dagleg leiar Ole Johnny Hesjevik i Fosna Bygg seier oppmodinga om å halde seg borte frå arbeid i sju dagar ved svineinfluensaliknande symptom kan føre til ruin for fleire bedrifter.

- Kva skjer om dei blir sjuke på nytt og dei får beskje om å halde seg borte frå arbeid i sju dagar? Kanskje det ikkje er svineinfluensa då heller, men berre ein influensaliknande sjukdom dei har, seier Hesjevik.