Hopp til innhold

Mariell er oppgitt over alle krava i samfunnet

Mariell Henriksen er ein av få som les sin eigen artikkel frå UKM-scena i Eide. – Forventingane i samfunnet stengjer oss inne, meiner den unge forfattaren.

Mariell Henriksen

UKM i Eide: 16-åringen Mariell Henriksen frå Vestnes framførte sin eigen artikkel 'Det gjemte samfunnet'. – Det er for mange krav til oss i dagens samfunn, seier ho.

Foto: Jan Åge Sundnes

Nokre minutt før ho skal på scena er Mariell Henriksen (16) skjelven i kroppen, men roleg til sinns. Jenta frå Vestnes sit på ein stol bak ein ikkje heilt lydtett vegg frå førestillinga som er i full gang i nabosalen.

Ho skal som ein av få UKM-deltakarar lese opp ein tekst. Den sjølvskrivne artikkelen handlar om krava og forventingane som stillast til menneska i dagens samfunn.

– Då eg byrja på vidaregåande var eg oppgidd og lite motivert for skulegangen. Men eg fann iallfall motivasjon for å skrive denne artikkelen, seier ho sindig.

Sjå video og intervju av Mariell før ho går på scena her:

Mariell Henriksen fra Eide med fremføring av sin tekst på UKM.

Mariell Henriksen (16) kom til Eide og UKM med ein sjølvskriven og samfunnskritisk artikkel i lomma.

Her ser du Mariell på scena.

Tre brør som ikkje er i slekt

Heile sju sceneførestillingar må til for at alle deltakarane skal få opptre i løpet av helga.

Bandet "Three brothers who aren't brothers" består av Sander Klock, Markus Kampenes og Jens Kristian Vangen. Karane er 16 år gamle og kjem frå Sykkylven. Dei måtte vente til søndag før dei fekk bombardere publikum med dei pønkete tonane til Green Day og songen "Basketcase".

Trioen var ikkje sjåverdig nervøse og spøkte avslappa med kvarandre før dei skulle på scena. Etterpå var dei likevel overraska over at dei ikkje hadde gjort fleire feil.

Brørne

'Brørne' Jens Kristian Vangen, Markus Kampenes og Sander Klock var overraska over at dei ikkje spelte meir feil under framføringa av 'Basketcase' av Green Day.

Foto: Jan Åge Sundnes / NRK

– Det var kult. Med så mange som publikum gløymer du eigentleg kva du gjer, så eg er overraska over at vi ikkje spelte meir feil, seier gitarist Sander, til nikking frå resten av bandet.

Bak dei høge tonane er det trommeslagar Jens Kristian som held i taumane og styrer rytmane – sjølv om han ikkje får med seg så mykje under framføringa.

– Eg høyrer nesten berre meg sjølv. Eg stolar på dei andre spelar samstundes med meg, seier han.

Konferansierane

Fotballbane som backstage: – Vi har intervjua deltakarane og skrive ned stikkord om dei. Slik førebur vi oss, seier konferansierane Herman Brune Leikanger (16) frå Sande og Sofie Fylling Salvatierra (15) frå nabokommunen Herøy.

Foto: Jan Åge Sundnes

Klare konferansierar

Det siste sceneshowet er det Herman Brune Leikanger (16) frå Sande og Sofie Fylling Salvatierra (15) frå Herøy som skal leie. Sofie er med for andre gong, og er ikkje uroa i det heile.

– Det verste som kan skje er at eg uttaler eit namn feil, eller at eg dett og slår meg. Då får eg røyse meg og late som det var med vilje, seier ho.

Etter å ha vorte "pusha" av nokre kompisar, kjente Herman at å vere konferansier var noko han hadde lyst til å prøve. Dermed kasta han seg ut i det, og vart med for fyrste gong. Då er det lov å vere hakket meir nervøs enn Sofie.

Kultursjefane Eide

– Alt har gått knirkefritt, seier kultursjefane i Eide kommune, Leif Arild Lervik og Jonny Lyngstad, om fylkes-UKM 2014.

Foto: Jan Åge Sundnes

– Eg spelte litt fotball i sta for å roe nervane og tenkje på noko anna, seier han.

– Eit strålande arrangement

Heile arrangementet har gått som ein draum, skal vi tru dei to karane som har mest med kultur å gjere i Eide kommune, Leif Arild Lervik og Jonny Lyngstad. Sistnemnde er kultursjef i kommunen og overnattingsansvarleg i høve UKM.

– Vi hadde trua på at vi kunne ta på oss å arrangere eit såpass stort arrangement som dette er. No har vi fått svar på at det kan vi. Det har gått knirkefritt, og vi har ikkje fått ei klage på noko som helst, seier Jonny.

Det verste som skjedde i løpet av arrangementet var at ein deltakar fekk kneskåla ut av ledd, men det er òg det einaste uhellet, fortel han. Alt gjekk heldigvis bra med ungdomen.