Oppfinnar vann fram – får 7.000.000

Oppfinnaren Arthur Lyngøy som bur i Ålesund, vann rettsaka mot sin tidlegare arbeidsgjevar ACD Pharmaceuticals og Stim, etter at han kravde pengar for utviklinga av fiskefôret SuperSmolt FeedOnly. Selskapa blir dømd i Sunnmøre tingrett til å betale sju millionar kroner i rettigheitsvederlag, samt éin million i sakskostnader. Retten har òg kome fram til at Lyngøy skal bli rekna som einaste oppfinnar av produktet, og selskapa må også betale han godtgjersle for bruken av produktet fram til 2025.