NRK Meny
Normal

Lakselus frå oppdrettsfisk går ut over heile villaksbestanden

– Problemet er størst i område med mange oppdrettsanlegg, fortel Torbjørn Forseth i Vitskapeleg råd for lakseforvaltning.

Laks på vei opp en foss.

Slike villaks har det blitt færre av. Langs heile kysten i Noreg blir det no jobba hardt for å ta vare på villaks.

Foto: Colourbox / PHOTOPQR/LA MONTAGNE

Torbjørn Forseth

Leiar i Vitskapeleg råd for lakseforvaltning, Torbjørn Forseth, meiner lakselussituasjonen i Noreg er svært alvorleg.

Foto: Morten Waagø / NRK

Lakselus har i mange år vore eit problem for oppdrettsfisk i Noreg. I stadig større grad har derimot lusa spreidd seg til villaksen.

No har Vitskapeleg råd for lakseforvalntning kome med den grundigaste gjennomgangen til no på området.

– Dersom problemet held fram så kan det gå utover eksistensen til villaksen i dei norske fjordane, seier rådsleiar Torbjørn Forseth til NRK.no.

– Klar samanheng

Forseth fortel at lakselus i villaks er eit klart størst problem i område med mykje oppdrett.

– Ein må verkeleg halde trykket oppe, for der er ein samanheng mellom kor mykje lus det er i oppdrettsfisken og kor mykje lus det kjem i villfisken.

Den nye rapporten går på lakselus sin innverknad på villaksen.

Lakselus på villaks

Lakselus på villaks, eit aukande problem.

Foto: Kjartan Trana / NRK

I enkelte område i Noreg er det bevist at det blir mindre villaks på grunn av lakselus. Situasjonen blir omtalt som svært alvorleg.

– Der oppdretten er mest intens er dette eit problem som går på eksistensnivå for fleire laksebestandar, meddeler Forseth.

Særleg i Hordaland, og spesielt i Hardangerfjorden, har problemet vist seg.

– Alle laksevassdraga som det tidlegare blei fiska i har no vore stengt i mange år.

– Dette kan skje andre stadar i landet dersom lakselus får ei aukande effekt, avsluttar leiaren Vitskapeleg råd for lakseforvaltning.