Oppdagar nye talent på spel

Giskespelet fyller 20 år og i dag fekk skodespelarane delt ut manus. Instruktør Paul Ottar Haga oppdagar nye talent kvart år.

Paul Ottar Haga

I dag var aktørane i Giskespelet samla for å få delt ut roller og manus. Instruktør er Paul Ottar Haga.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Giske Amfi er tomt for publikum i sluddbyene og den sure vinden. Inne i vikinghuset som er bygt på gamlemåten, sit årets skodespelarar i Giskespelet. Dei får delt ut roller og manus som dei må heim og pugge. I år er det 20 år sidan spelet om den mektige Giske-familien og deira forhold til kong Olav Haraldsson først vart spelt.

Instruktør Paul Ottar Haga har enno ikkje full kontroll over rollefordelinga. Tradisjon tru har spelet både amatørar og profesjonelle skodespelarar. Ellen Dorrit Petersen og Lars Melsæter Rydjord er med i hovudrollene.

Oppdagar nye talent

Sjølv starta Haga skodespelarkarrieren sin på Stiklestadspelet som åtteåring. Han kan telje 15 frå det spelet som har blitt profesjonelle skodespelarar.

– Vi oppdagar mange talent og ser mange som veks av å vere med i Giskespelet, seier Haga. Han meiner at det å ha eit spel i bygda skaper identitet og stoltheit av heimplassen.

Ville prøve noko nytt

Truls Jakob Bjørkavåg og Teodor Rørvik Johansen

Truls Jakob Bjørkavåg og Teodor Rørvik Johansen gler seg til å stå på scena i juni.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

To av dei som har fått sentrale roller i årets spel er Teodor Rørvik Johansen og Truls Jakob Bjørkavåg. Tidlegare har dei vore med som statistar saman med alle andre elevane på skulen.

– Faren min har alltid vore med i Giskespelet og eg fekk lyst å prøve noko nytt, forklarer Teodor. Han gler seg til å stå på scena framfor publikum.

Teodor og Truls skal ut i slåstkamp, men har enno ikkje heilt kontroll på kven rollefigurane er og kva side av Giske-slekta dei høyrer til.

At det skal bli noko vidare skodespelarkarriere, har dei ingen tru på.

– Det har eg ikkje tenkt på, men det er gøy å vere med, seier Truls.

Treng eldsjeler

Giskespelet

Giskespelet består av både amatørar og profesjonelle skodespelarar.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er om lag 200 aktørar som er med i Giskespelet kvart år, både på og utanfor scena. Primus motor for det heile er Arne Tunheim. Sjølv har han berre ein replikk i spelet, så noko manus treng han ikkje.

– Klart det er utfordringar å få til dette spelet kvart år. Vi veit at spel har kome og forsvunne. Skal du drive eit spel på dugnad, krev det at det stadig kjem nye eldsjeler, seier Tunheim.

Giskespelet er frå 18–21. juni.