Hopp til innhold

- Menn bør sjekkast betre

Prostatakreften til Roger Færø vart oppdaga i tide. Han meiner fleire bør teste seg.

Video Fokus på prostatakreft

12 menn får diagnosen prostatakreft kvar dag.

12 menn får diagnosen prostatakreft kvar dag

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Roger Færø.

Roger Færø nyt den fine hausten, og er glad for at kreften vart oppdaga i tide.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK
Prostatakreft.

Fleire menn i risikogruppa bør undersøkast jamnleg, meiner Prostatakreftforeningen.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Familiefaren Roger Færø i Ålesund fekk diagnosen som 56-åring.

– Eg måtte sette meg ned. Eg tenkte at no var eg ferdig, seier han.

Arv

Men sidan faren døydde av prostatakreft, vistte Færø at han var i faresonen, og starta difor å teste seg jamnleg. Den tredje testen gav positivt utslag. Kreften vart oppdaga i tide.

4000 menn får kvart år diagnosen i Noreg. No er prostatakreftforeininga kritiske til at fastlegane ikkje sjekkar menn ofte nok med blodprøver.

– Legane må bli flinkare til å ta fleire prøver. Det er ofte ikkje nok å ta berre ei blodprøve, seier Daniel Ask som er leiar i Prostatakreftforeininga på Sunnmøre.

Inga hensikt

Men dette er ikkje helsevesenet einig i. Det er inga hensikt å teste menn oftare, meiner dei.

– Veldig mange vil vise høge verdiar, utan at det er kreft. Då vil ein måtte gå gjennom mange ubehagelege prøvar til inga nytte, seier Lars Tore Nerbøvik, nestleiar i Møre og Romsdal legeforening.

– Det fører til at fleire paseintar vert uroa unødig. Det er også ei stor utfordring for helsevesenet å ta dette vidare, seier Nerbøvik.