Hopp til innhold

Oppbevarte over 280.000 overgrepsbilete

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til samfunnsstraff etter å ha oppbevart store mengder barnepornografisk innhald. Lang tidsbruk hos politiet førte til straffereduksjon.

Ålesund politistasjon

Ein mann frå Sunnmøre er dømt til 215 timar samfunnsstraff for å ha oppbevart store mengder barnepornografisk innhald.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka

I dommen frå Sunnmøre tingrett går det fram at mannen i 40-åra hadde oppbevart over 280.000 bilete og 70 filmar, alt av barnepornografisk innhald, på harddiskar, CD-ar og DVD-ar, frå 1999 til hausten 2013.

Lang historikk

Saka har lang historikk hos påtalemakta. I dommen går det fram at mannen sat varetektsfengsla frå 29. januar 2008 til 21. februar 2008, for så å bli arrestert på nytt i 2013 då det blei avdekka at han hadde heldt fram med å laste ned grov barnepornografi frå Internett.

Saksdokumenta viser at mannen gav full tilståing i eit politiavhøyr den 4. desember 2013. Det materialet som siktinga skildrar var då tatt hand om av politiet, og slik retten vurderte det kunne saka ha blitt ferdig etterforska relativt kort tid etter dette.

– Det er det eit alvorleg brot på Europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) ved at saksbehandlingstida har blitt unødvendig forlenga med meir enn to år, noko som skal føre til ein «ikkje ubetydeleg reduksjon av straffa», står det i dommen.

Samfunnsstraff

I dommen går det fram at mannen var klar over at materialet var ulovleg. Han vektla at det var lasta ned for eigen bruk og at han ikkje hadde planar om dele materialet med nokon.

Aktor la ned ein påstand om fengselsstraff på 1 år og 4 månader, med ei prøvetid på 2 år.

På grunn av spesielle forhold rundt mannen sin psykiske helse meinte retten at det var forsvarleg å gi mannen samfunnsstraff.

– Retten er innforstått med at barnepornografi er eit stort samfunnsproblem der allmennpreventive grunner taler mot å bruke samfunnsstraff, men Høgsterett har likevel opna for at denne reaksjonen kan brukast i helt spesielle tilfelle også i grove saker, står det i dommen.

40-åringen blei difor dømt til 215 timar samfunnsstraff, med ein gjennomføringstid på åtte månader.

I tillegg må mannen frå Sunnmøre tole at PC med harddiskar, CD-ar og DVD-ar blir inndradd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL