NRK Meny
Normal

– Denne tunnelen er ein revolusjon

Laurdag blir Hjartåbergtunnelen offisielt opna. – Det er ein milepæl for regionen, meiner ordføraren.

Hjartåbergtunnelen

Rasfare førte til tjuvopning av Hjartåbergtunnelen i februar i år. Laurdag står den offisielle opninga for tur.

Foto: NRK

arild iversen og rune hovde

Ordførar i Volda, Arild Iversen, gleder seg over den offisielle opninga av tunnelen.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det har vore krevjande å bygge denne vegen som ligg i vanskeleg natur, men vi har fått eit flott veganlegg, seier ordførar i Volda, Arild Iversen (KrF), som trur at opninga blir ei viktig markering.

– Ein revolusjon

Vegen blei opna for trafikk tidlegare i år, men laurdag skal samferdselsministeren stå for den formelle opninga.

– Mange av oss hugsar den gamle kronglete vegen til Austefjorden, der rasfare var ein dagleg risiko. Opninga av Hjartåbergtunnelen er ein revolusjon, og det betyr mykje for Volda, Austefjorden og Nordfjord, seier ordføraren.

– Flaskehalsen Volda

Men ny tunnel og betre vegar betyr også meir trafikk. Trafikken skal gjennom Volda sentrum som blir den store flaskehalsen mellom indre Nordfjord og ytre søre Sunnmøre. Ordføraren trur at ein tunnel som vil styre trafikken vekk frå sentrum vil presse seg fram.

– Eg trur også at Statens vegvesen har eit sterkt ønskje om å kome vidare med planlegging og starte bygging. Voldatunnelen er det vi manglar. Den vil kople saman Kvivsvegen, Hjartåberget og Eiksundsambandet, og det vil vere eit godt prosjekt, meiner Iversen.

Med Hjartåbergtunnelen er arbeidet med å byggje E39 mellom Volda og Grodås fullført. Etter å ha opna Hjartåbergtunnelen drar samferdselsministeren vidare til Eiksundtunnelen for å avslutte bompengeinnkrevjinga der.

Det er nesten så det skin av vegen mellom Volda og Grodås i Hornindal. To viktige rassikringsprosjekt er fullført og til helga blir fest og feiring av tilsaman 36 kilometer ny veg...

Sjå TV-saken: Det er nesten så det skin av vegen mellom Volda og Grodås i Hornindal. To viktige rassikringsprosjekt er fullført og til helga blir fest og feiring av tilsaman 36 kilometer ny veg.