Hopp til innhold

Opning av gass-lounge på Årø

Onsdag vart Molde lufthavn skjenka ny lounge – betalt av gassfeltet Ormen Lange.

Åpning av gass-lounge på Årø Lufthavn på markeringen av Ormen Lange-jubileum.

Sjå videoen frå opninga av loungen og talen til Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord. NRK: Roar Strøm/Hans Thomas Eikrem/Sara Lovise Roaldseth

Høvet for opninga av den nye loungen er tiårsjubileet for at Stortinget sa ja til utbygging av gassfeltet Ormen Lange.

Aukraordførar Bernhard Riksfjord i Ormen lange-loungen

Aukraordførar Bernhard Riksfjord i Ormen lange-loungen

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Tanken er at loungen kan vere ein møtestad for dei mange som fartar til og frå landanlegget på Nyhamna, forklarar Aukra-ordførar Bernhard Riksfjord til NRK.

Andre igjen vil kunne slappe av i lenestolar frå sunnmørsbedrifta Ekornes, samstundes som dei får informasjon om industrigiganten før take-off.

– Viktig for Årø

Mange arbeidsplassar og stor verdiskaping fører også til fleire flyreiser til og frå Romsdal. I 2003 var det om lag 300 000 reisande i året. Vel ti år seinare har flyplassen passert 500 000 reisande.

Jan Petter Hammerø

Styreleiar i Molde lufthavnutvikling; Jan Petter Hammerø, gler seg over ny lounge.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Flyplassen har utvikla seg heilt enormt sidan Nyhamna og Ormen Lange vart opna i Aukra, seier Jan Petter Hammerø som er styreleiar i Molde lufthavnutvikling.

Onsdag fekk Molde lufthamn ein eigen lounge sponsa av Ormen Lange-kroner. Føremålet er å vise fram kven industrigiganten er.

Ormen lange også ved ankomst

Ormen lange blir godt synlig både i egen lounge og her i ankomsthallen.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Det er viktig å vise fram det som skjer her. Vi har fått ei forlenging av flyplassen som følgje av Ormen Lange. Det har blant anna ført til utanlandstrafikk til og frå Årø, seier Hammerø.

Egen Ormen lange-buss

Busstilbudet mellom Molde lufthamn og Nyhamna er også viktig og derfor har de fått en egen Ormen lange-buss, spektakulært utseende som markedsfører Nyhamna og Ormen lange.

Ormen lange-bussen

Også bussen som skal gå mellom flyplassen og Nyhamna har fått en spektakulær Ormen-profil.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK