NRK Meny
Normal

Opnar vegen over Geirangerfjellet

Fredag ettermiddag opnar vegen over Geirangerfjellet, men vegvesenet er klare til å stenge den på kort varsel dersom Stavbrekkfonna røyrer på seg.

Djupvasshytta-Langevatn brøyting Geiranger

Vegvesenet ryddar vegen mellom Djupvasshytta (1030 moh.) og Langvatn på fylkesveg 63 i Møre og Romsdal.

Foto: Statens Vegvesen

Byggeleiar Kåre Andre Berge i vegvesenet fortel at det framleis er mykje snø igjen ved Stavbrekkfonna.

Byggeleiar Kåre Andre Berge, Statens Vegvesen

Byggeleiar Kåre Andre Berge i Statens Vegvesen.

Foto: Statens Vegvesen

– Raset på austsida har gått, men vi ventar på at raset på vestsida skal gå eller smelte ned, seier Berge.

Radarovervaking av fonna

Stavbrekkfonna overvakast med radar, og Vegvesenets geologar vil følgje nøye med på bevegelsane. Vegen kan derfor bli stengt på kort varsel.

Åpning av Fv63 Geiranger - Langvatn

Vegvesenet har rydda Fy 63 mellom Geiranger og Langvatn, mellom Møre og Romsdal og Oppland.

Foto: Statens Vegvesen

Berge seier at dersom dei skal vente til all snøen forsvinn frå Stavbrekkfonna kjem vi uti juli.

Vi opnar vegen no og følgjer nøye med på utviklinga. Vi har også sett opp skilt med forbod mot å stoppe på strekninga under Stavbrekkfonna, seier han.

Sjå video av arbeidet med å brøyte fram vegen:

Statens vegvesen brøyter veien mellom Geiranger og Langvatn.