NRK Meny

Opnar vegen fv. 63 frå Geiranger

I dag klokka 1200 opnar Statens vegvesen fylkesveg 63 frå Geiranger og opp til Djupvasshytta. Vegen vidare frå Djupvasshytta mot Langvatn vil framleis vere stengt. Skredfaren frå Stavbrekkfonna gjer at det ikkje er forsvarleg å verken arbeide eller køyre på vegen. Slik brøyter vegvesenet seg frem til Geiranger.