Opnar tilsynssak

Fylkeslegen opnar tilsynssak etter at familien til ein ALS-sjuk pasient i Ålesund før jul fekk beskjed om at respiratoren som held mannen i live, ville bli slått av. Familien meiner mannen framleis ønskjer å leve, og har protestert kraftig på avgjerda. Fylkeslegen vil no vurdere om Helse Møre og Romsdal og helsepersonellet som var involvert, har brote lova.