NRK Meny
Normal

Opnar pilegrimsleia som går gjennom fire kommunar og to fylke

I dag blir kanskje den mest spektakulære pilegrimsleia i Europa opna. Leia startar på Sylte i Valldal der Heilag-Olav kom i land med båtane sine.

Nonnene og munkene i det gresk-ortodokse klosteret i Norddal

PILEGRIMSLEI: Sjå starten av vandringa her. Også nonnene i det gresk-ortodokse klosteret i Norddal er blant gjestane.

Allereie klokka åtte søndag morgon var fleire i gong med pilegrimsvandring, og 12.30 samla fleire titals personar seg i Valldal for å vere med på ei vandrande gudsteneste.

For fire år sidan tok Norddal kommune initiativ til å opprette pilegrimsleia som går i spora til Olav den Heilage, som ved nyttårstider 1028/1029 var på flukt frå kysten for å ta
seg over fjella i aust.

Ferda hans sette spor etter seg, og Valldal og Lesja har framleis sterke Olavstradisjonar. Kristi Linge Stakkestad i Norddal kommune fortel at dei forventar 200 besøkande.

Spektakulært

Opning pilegrimsleia i Valldal

Før vandringa starta var det også underhaldning.

Foto: Øystein Valde

Arrangørane trur at dette vil bli ein av dei mest spektakulære pilegrimsvegane i Europa, der ein vandrar frå fjorden i vest og til fjell i 1200 meters høgde, på veg mot Nidaros.

Øystein Valde i Rauma kommune er ein av mange som er med på den vandrande gudstenesta.

– Det er litt spesielt, seier han og legg til at biskop Solveig Fiske i Hamar og biskop Ingeborg Midttømme i Møre bispedøme deltek og står for den offisielle opninga.

Også nonnene i det gresk-ortodokse klosteret i Norddal er blant gjestane.

Samarbeid på tvers av fylke

Opning pilegrimslei frå Valldal til Nidaros

Mange møtte opp for å bli med på den vandrande gudstenesta for å markere opninga av pilegrimsleia frå Valldal til Nidaros.

Foto: Øystein Valde

Det er saman med Dovre, Lesja og Rauma Norddal har gjennomført prosjektet. Ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunane og Pilegrimssenter Dovrefjell har arbeidd med prosjektet sidan 2011.


Leia startar på Sylte i Valldal, går oppover Valldalen til Olavskjelda, Olavshellaren, Skjersura og Grønning. Dette er stadar som er nemnt i Snorres kongesoge si forteljing om ferda gjennom Valldal.

Frå Grønningsæter følgjer leia DNT-stien over høgfjellet og gjennom Reinheimen Nasjonalpark til Brøste i Rauma kommune. Vidare går leia gjennom bygdene i Lesja kommune, og til Dombås og Fokstugu i Dovre kommune. Der knyter den seg på hovudleia, Gudbrandsdalsleden Oslo–Trondheim.

Biskop Ingeborg Midtømme og Solveig Fiske

Pilegrimsleia vart opna av biskopane Solveig Fiske og Ingeborg Midttømme.

Foto: Øystein Valde