Opnar opp Schwittershytta

Neste sommar blir Schwittershytta på Hjertøya i Romsdalsfjorden opna for publikum for første gong. Inventaret i hytta til den verdskjende, tyske multikunstnaren blei flytta over fjorden til det nye museumsbygget «Krona» i Molde for tre år sidan. Og frå neste sommar blir også sjølve steinhytta ein turistattraksjon.

Steinhytta på Hjertøya
Foto: Ann Eli Nøsen