Hopp til innhold

Opnar opp for fleire profilskular

Grunnskular med fokus på friluftsliv, musikk eller kunst kan bli meir vanleg i åra framover. Det opnar Stortinget for i den nye lova om friskular.

Sunnmøre indremisjon startar barne og ungdomsskule i Brusdalen, Skodje

Sunnmøre indremisjon startar barne- og ungdomsskule i Skodje frå hausten av.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ragnar Johansen i Norske friskolars landsforbund meiner at barna får moglegheit til å utvikle talenta sine på slike profilskular.

– Her kan elevane satse på område som blant anna kunst og kultur, idrett eller helse, seier han.

Behov for slike skular

Fram til i dag har private grunnskular måtte anten vere basert på livssyn eller andre pedagogiske retningar som montessori eller steinar. Det finst også internasjonale grunnskular.

Ragnar Johansen

Ragnar Johansen i Norske friskolars landsforbund meiner det er behov for profilskular.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

I juni vedtok Stortinget å opne for private skular med ein særskilt profil. Det er behov for slike skular, meiner Johansen.

– Analysane frå utvalet som har greia ut dette med tanke på framtidas skular viser at norsk utdanningskultur er alt for overflatisk. Vi legg alt for lite vekt på å utvikle talentet og potensialet til den enkelte eleven, seier han.

– Kven er det som har interesse av å starte desse skulane?

– Det håpar eg er foreldregrupper eller frivillige organisasjonar. Men det kan også vere meir profesjonelle organisasjonar knytt til næringsliv og samfunnsliv, seier Johansen.

– Det kan også vere kommunar som samarbeider med frivillige organisasjonar i såkalla partnarskap, det er ein av dei tinga eg håpar ein kan kome i gong med, held han fram.

– Samarbeid er vegen å gå

Førstekandidaten til SV i Ålesund, Anders Lindbeck, meiner at å starte fleire private skular ikkje er vegen å gå.

– Målet til SV er å styrke fellesskulen i staden for å få fleire privatskular, seier han.

Men Lindbeck meiner at kommunane gjerne må tenke nytt. Han trur at eit samarbeid kan vere vegen å gå.

– Kommunane burde kanskje ha vore flinkare til å samarbeide med organisasjonar om å starte opp nye skular. På den måten blir skulane kommunale viss vi først skal ha privatskular, seier han.