NRK Meny
Normal

Opnar opp for å busetje fleire flyktningar

Rådmannen i Ålesund foreslår at kommunen skal busette inntil 140 flyktningar neste år. Av desse skal inntil 25 vere mindreårige.

Flyktningleiren i Suruc

Illustrasjonsbilete: Ålesund kommune har fått ei oppmoding frå IMDI om å ta imot 140 flyktningar neste år.

Foto: OSMAN ORSAL / Reuters

Ålesund kommunen har allereie gjort eit vedtak om å busette 80 flyktningar i løpet av 2016, basert på ei oppmoding frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI) om å busette 142 flyktningar.

Nyleg fekk kommuna ei oppmoding frå IMDI om å busette 150 flyktningar i 2016. Av desse skal 35 vere einslege mindreårige flyktningar. Det er denne oppmodinga rådmannen no har tatt stilling til.

– Innstillinga til formannskapet er at stort sett bør busette så mange som vi har fått oppmoding om å busette. Vi gjer ei lita endring og det er knytt til talet på einslege mindreårige, der vi har bedd om å redusere talet frå 35 til 25, seier Eidsvik.

Utfordrande å finne nok bustader

Eidsvik fortel at bakgrunnen for å redusere talet på mindreårige flyktningar er vurderinga om kva som er realistisk for kommunen å kunne handtere.

Astrid Eidsvik

Rådmann i Ålesund, Astrid Eidsvik, meiner kommunen skal kunne busette 140 flyktningar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Vi veit mellom anna at det er ein stor jobb å rekruttere fosterforeldre til desse mindreårige flyktningane. Vi er nøydd til å vere realistiske i forhold til kva vi klarer å få til i eit samarbeid med Bufetat, seier ho.

Rådmannen fortel vidare at den største utfordringa knytt til det å busette flyktningar er å skaffe nok bustader. Ålesund kommune har framleis eit pressa bustadmarknad, med stor etterspurnad både etter kommunale og private bustader.

– Vi klarer ikkje å busette flyktningar utan bustader. Det betyr blant anna at vi blir nøydd til å sjå på nye løysingar og vurdere om leiemarknaden kan vere ei moglegheit i tillegg til eigne bustader i kommunal eige, seier Eidsvik.

– Eit kommunalt ansvar

Rådmannen meiner at det er eit kommunalt ansvar å ta imot fleire flyktningar.

– Vi er berre nøydd å ta imot fleire flyktningar som følgje av det store tilfanget av flyktningar til Noreg som no får permanent opphaldsløyve. Då må vi ta vår del av ansvaret, på same måte som alle andre kommunar blir oppmuntra til å ta ansvar, seier Eidsvik.

Forslaget blir behandla av formannskapet 15. desember.