Hopp til innhold

Opnar kyrkja søndag

Kyrkja på Haramsøya opnar dørene søndag. Båtulykka har gjort eit sterkt inntrykk på lokalsamfunnet.

 

Haram kyrkje

Haram kyrkje blir open frå klokka 14 søndag.

Foto: Frode Berg / NRK

Kyrkja på Haramsøya opnar dørene søndag. Båtulykka har gjort eit sterkt inntrykk på lokalsamfunnet.

Diakoniarbeidar Aud Marøy i Haram sokn seier til NRK at kyrkja blir open frå klokka 14. Det skal vere ei planlagt gudsteneste kokka 16.

Mange tragediar

Det har vore mange tragediar i dette området dei siste åra. Det har vore drap og bilulykker. Diakoniarbeidaren seier at tidlegare erfaringar viser at det er viktig å samlast i kyrkja.

- Det er fint å ha ein stad der ein kan sørge, vere nær kvarandre og tenne lys, seier Aud Marøy i NRK.

Også laurdag var kyrkja opna for folk som ville kome dit. Om lag femti personar var innom dørene.