Hopp til innhold

Opnar kafé for kreftpasientar

Humor og glede var tema då ein kafé for kreftramma opna i Ålesund fredag.

Humor og glede er kanskje ikkje det første ein tenker på når ein snakkar om kreft. Fredag opna ein ny fredagskafé for kreftramma i Ålesund.

SJÅ TV-REPORTASJEN: Ein ny fredagskafé i Ålesund skal spreie humor og glede til kreftpasientar.

Humor og glede er kanskje ikkje det første ein tenker på når ein snakkar om kreft. Fredag opna ein ny kafé for kreftramma og pårørande i Ålesund.

– Stor takhøgde for humor

Under opningsseremonien var underhaldninga humor og standup-show. Underhaldaren som var i aksjon, har sjølv hatt kreft to gonger.

– Eg tenkjer litt på kva eg seier og gjer. Men i og med at eg har vore i same situasjon sjølv, så veit eg at det er stor takhøgde i ein slik setting, seier standup-komikar Synnøve Hatlen.

– Går det an å spøke med sjukdom?

– Nei, eg vil vel eigentleg ikkje spøke med sjukdom, men eg kan fortelje gode historier rundt ein sjukdom, seier ho.

Vil lette kvardagen

Bak initiativet står Merete Kløvning som er kreftkoordinator i Ålesund kommune. Ho håper den nye fredagskafeen vil vere med på å lette kvardagen til kreftsjuke og deira pårørande.

– Eg håper at vi kan få til nok som er positivt og kjekt, sjølv om utgangspunktet for denne kafeen er alvorleg nok, seier ho.