Opnar ikkje ved Falebrua

Riksveg 70 mellom Sunndalsøra og Oppdal blir ikkje opna i dag. Eit steinras gjekk ved Falebrua tidlegare i veka. No blir det ikkje ny vurdering av når vegen kan opne før over helga. Truleg blir det tatt ei avgjerd måndag rundt klokka 12. Personbilar blir dirigerte forbi om Hoåsvegen, medan større køyretøy blir rådd til å køyre E136 eller E39 i staden.